EdwardHopper

EdwardHopper
Morning sun

mandag 26. september 2011

Er det nødvendig med mer vekst?

Snart ikkje rom for meir vekst
FOSSILT BRENSEN: Tal frå USAs energidepartement syner at den globale, økonomiske veksta framleis er svært avhengig av fossilt brensle. Foto: Scanpix
aV jOHAN bROX , KLASSEKAMPEN, Lørdag 24. september, 2011



Snart ikkje rom for meir vekst




STOPP: Norsk økonomi har vorte 5000 gongar større sidan 1865. Greier rike land å vekse enno meir, og treng dei det?
Vekst, vekst! Det er Moses og profetane for dei fleste politikarar i den vestlege verda. Når folket rasar mot kutt i pensjonar, arbeidsplassar og helsetilbod svarar alle frå president Obama til statsminister Gordon Brown at dei skal syte for «fornya økonomisk vekst».
Denne veka fortalde IMF triumferande at Hellas «kan komme tilbake til økonomisk vekst i 2013», og den greske finansministeren Venizelos og aksjemarknadene jubla.
Men har dei rike landa komme i ein situasjon kor vidare vekst korkje er mogleg eller ønskeleg?
Økonomar Klassekampen har tala med meiner verda pent må vene seg til lågare vekst i mange år framover.
- I åra framover skal det gå dårleg seier Ådne Cappelen, makroøkonomiforskar i Statistisk sentralbyrå (SSB).
- Det er svært usikkert om USA og EU-landa greier vekse seg ut av gjeldsproblema sine. Mykje av gjelda statane tok opp var jo nettopp for å få veksta i gong etter finanskrisa, og veksta er framleis ikkje tilbake, seier Per Botolf Maurseth, forskar på internasjonal økonomi i Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).
Dei fleste OECD-land kuttar no kraftig i offentlege utgifter for å greie å betale gjelda til bankane. Dimde har tusenvis av menneske mista jobbane sine og bruttonasjonalprodukt har skrumpa eller stagnert.
Havari i vekstmotoren
Makthavarane håpar at straks lønene og utgiftene er kutta mykje nok, er landet konkurransedyktig att og veksta vil komme tilbake igjen.
Så roseraudt er det ikkje, seier økonomane. Vestlege land er i ferd med å rasere høva til vekst i mange år framover.
- Eg fryktar for at nedgangskonjunkturen etter gjeldskrisa vil bite seg fast og bremse veksta i fleire år framover, fortel Maurseth ved NUPI.

Cappelen ved SSB er samd:

- Dette er ei alvorleg uro, som alt frå britar til italienarar delar, med god grunn. Fleire statar kuttar no kortsiktig i investeringar i infrastruktur, i forsking og utdanning. Alt dette øydelegg for den langsiktige veksta, seier han.
Det rammer også Noreg: Nyleg skrudde SSB ned prognosane for veksten i den norske økonomien med ein halv prosent sidan utlendingane ikkje lenger har råd til å kjøpe så mange aluminiumsprofilar og riggutstyr frå oss.
Maurseth peikar på at alle utvegane dei gjeldsramma landa har, vil hemme veksten:
Kuttar dei utgiftene vert veksten lågare, aukar dei skattane vert veksten ramme og let dei vere å betale gjelda kan bankane gå over ende slik at statane må rydde opp i ei ny finanskrise.
Sjølv om teknologien forbetrar seg, har ikkje kloden uendeleg med ressursar.
Akkurat i det elektriske bilar byrjar verte vanlege, melder bilprodusentet Mitshubishi at det vil vere mangel på batterimetallet Lithium om fire år.

Avhengig av utslipp

Tal frå USAs energidepartement (sjå graf) syner òg at den globale, økonomiske veksta framleis er svært avhengig av fossilt brensle: Skal verdsøkonomien vekse i den næraste framtida. Den økonomiske krisa i 2008 gjorde mykje meir får å dempe utslippa enn nokon klimakonferanse.
- Per i dag får vi ikkje til noko klimapolitikk som monnar, og då vil vekst halde fram med å trenge fossilt brensle. Så lenge prsien på olje, gass, og kull ikkje tek omsyn til klimaverknadene, har ikkje dei som tek økonomiske avgjersler, store nok insentiv til å vekse på andre måtar, seier professor Geir Bjarne Asheim, energiekspert ved Universitetet i Oslo (UiO).
Slik kol dreiv fram den første industrielle revolusjonen, har olje vore den fremste vekstmotoren dei siste hundre åra. No har Noreg og verda passert produksjonstoppen, og ein like god, erstattande energikjelde let vente på seg.
- Enn så lenge har Noreg gode utsikter. Vi vil få betre og betre pris for olja vår, som vi kan byte mot skandaløst billig arbeidskraft frå fattigare land. Men vi er avhengige av at resten av verda held på den oljekrevjande veksten si, seier økonomiprofessor Halvor Mehlum ved UiO.

Spekulativ vekst

Etter at IT-bobla sprakk tidleg på 2000-talet og finanskrisa i 2008 vaks verdsøkonomien med nærmare fire prosent i året. Det er svært gode tal - kunne me ikkje komme tilbake til den veksta og heller regulert finansmarknadene litt betre?
Cappelen i SSB meiner tvert om finanskrisa røpte at veksta ikkje var berekraftig.
- Det er den vestlege økonomiens mare no. Før finanskrisa heldt USA og fleire andre land rentene altfor låge for å skape vekst. Det skapte ein bobleøkonomi, kor mykje av veksten kom frå spekulative investeringar. Denne bobla tålte ikkje tilbakeslag, og kunne difor ikkje halde fram.
Mehlum er samd:
- I til dømes Storbritannia kom ein god del av den målte veksta frå den svulmande finanssektoren. Dette var papirvekst, som ikkje hadde så mykje med den reelle økonomien å gjere, fortel han.
Maurseth ved NUPI trur tida då rike land kunne halde på eit høgare velferdsnivå enn dei folkerike, fattige landa snart er over.
- Dei rikaste landa har hatt avtakande vekst, frå etterkrigstida fram til i dag. Det er heilt gjennomgåande. Samstundes er det kraftig vekst i somme fattige land som Kina. Det kan vere ei samling på gong - at fattige land overtek ny teknologi, som er mykje lettare enn å utvikle ny.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar