EdwardHopper

EdwardHopper
Morning sun

onsdag 17. august 2011

Gordon liker Are Kalvø





Farlig farlig, men farlig farlig



Kåseri i Mediemenerne om Livet-er-farlig-og-du-kan-komme-til-å-dø-ein-plutselig-og-grufull-død-berre-fordi-du-lever-eit-heilt-vanlig-liv-journalistikken. 



Aviser kan ta liv. Heilt vanlige aviser. Ditt liv. Og mange andre liv. 

Undersøkingar viser at heilt vanlige avislesarar daglig er nærmare døden enn dei anar. Ekspertar vi har vore i kontakt med, advarar no mot uforsiktig omgang med aviser. 

For berre to dagar sidan sat Anders Hagen frå Randaberg heime med dagens avis og ein kopp kaffi. Midt i avisa fekk han sjå ein to siders djuptloddande artikkel om gjeldssituasjonen til verdens fattige land. Han blei så overraska over å finne ein djuptloddande artikkel om gjeldssuituasjonen til verdens fattige land i ei vanlig norsk avis at han rykte til, velta kaffikoppen, fekk den glovarme kaffien i fanget, spratt opp frå stolen han sat i, slo bakhovudet i ei krydderhylle, velta eit beger med chilipulver som stod på hylla, fekk pulveret i auga, blei midlertidig blinda, snubla i katten, og i eit forsøk på å ta seg for, la han handflata rett på ei varm kokeplate. Heldigvis gjekk det bra med Anders. Han har allereie fått synet delvis tilbake på det eine auget og trenar no på å helse på folk med venstrehanda. Katten slapp frå episoden med skrekken og litt chilipulver i pelsen. Ekspertar vi har vore i kontakt med, bekreftar at det kunne gått veldig mykje verre, og at det berre er tilfeldigheiter som gjer at avislesing ikkje oftare ender i tragedier.Hadde katten til Anders Hagen gitt lyd frå seg for å advare sin herre, så hadde kanskje Anders rygga i staden for å legge handflata på kokeplata, og interiørarkitektar vi har snakka med bekreftar at dersom kjøkkenet til Anders hadde vore berre bittelittegran mindre, så er det då slett ikkje usannsynlig at han ville ha ramla ut vinduet. Viss han då budde nær ein hardt trafikkert veg, og det var rushtid, er det slett ikkje usannsynlig at han ville ha forårsaka ein enorm kjedekollisjon med mange dødsfall.

På grunn av ei avis. Ei heilt vanlig avis. 

Vi har vore i kontakt med fleire aviser i dag, og der seier dei at dei tek denne episoden svært alvorlig, og lover å aldri aldri skrive to siders djuptloddande artiklar om gjeldssituasjonen til verdens fattige land.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar