EdwardHopper

EdwardHopper
Morning sun

tirsdag 25. oktober 2011

Gal Trønder i Hemsedal

Gå til
Framsida
Tirsdag 25.10.11


Av: Arne O. Lindahl



Trønder må betale dyrt for valdsbruk

 Ein trønder skalla til en festdeltakar på ein utestad i Hemsedal.


Knuffinga på dansegolvet resulterte i at 21-åringen frå Trondheim reagerte med å skalle.
Skallen han avleverte fekk store konsekvensar.
Ei tann brakk hjå han som fekk skallen midt i ansiktet, mens tanna vart sitjande fast i panna til trønderen.
Han sprang frå dansegolvet, og fortalde med det same vaktene på utestaden kva han hadde gjort.
No er han dømt for lekamsskade. Hallingdal tingrett har dømt han til fengsel i 60 dagar, av dette er 30 dagar på vilkår.
Retten meiner at det var ein overreaksjon å skalle.
Mannen som mista tanna fekk skader på seks tenner til.
Til no er tannlegerekninga på 16.645 kroner. Trønderen vart også dømt til å betale rekninga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar