EdwardHopper

EdwardHopper
Morning sun

torsdag 16. juni 2011

Tore Linné Eriksen - En avhopper

Nådelaust oppgjer med SV

REFSAR: - Det er skilnad på å svelgje kamelar og å ri dei, seier Tore Linné Eriksen om SV. Han meiner leiarar som Kristin Halvorsen og Erik Solheim er ei hindring for at partiet igjen skal få ein sosialistisk profil.
ONSDAG 25. MAI, 2011
Nådelaust oppgjer med SV
KLAR FOR NYE OPPGÅVER: Tore Linné Eriksen trur ikkje det politiske livet hans er over, sjølv om han melder seg ut av SV, som han har vore med i sidan han var 16. Til lokalvalet stemmer han Raudt.
Det vekte oppsikt langt opp i partileiinga då Klassekampen kunne melde at SV-veteranen Tore Linné Eriksen har gått ut av partiet, etter å ha vore medlem sidan oppstarten i 1961.
Andre med lang fartstid i det sosialistiske partiet har spurt seg kvifor.

- Om det berre var slik at SV ikkje hadde greidd å styre landet i riktig retning raskt nok, kunne eg synt «revolusjonært tålmod». Men med SV i regjering har Noreg med raske skritt vorte endå meir av ein miljøversting, ein imperialistisk pådrivar og ein krigsnasjon, seier Eriksen til Klassekampen.


- Store endringar må til.

Han retter ei lang liste skuldingar mot partileiinga:


* Utviklingsminister Erik Solheim er for tett knytt til vestlege land, næringsinteressene og miljøpolitikken deira.

* SV-leiar Kristin Halvorsen var som finansminister meir interessert i å berge kapitalismen gjennom finanskrisa enn å utfordre han.

* Leiinga har marginalisert radikale fagfolk og grasrota, og omgjer seg heller med eit korps lojale rådgjevarar.

- Hadde dei hatt ideologien i ryggmargen, ville dei sett at Nato ikkje er noko hjelpekorps i Libya, at den globale finanskrisa ikkje var eit lite dupp i avkastninga på oljefondet og at IMF ikkje er nokon hjelpeorganisasjon, erklærer Eriksen.

- Skulle partiet verte meir slik du ønskjer det, måtte Halvorsen og Solheim gått av?

- Ja. Dei har eit anna mål for partiet enn eg har - å halde på regjeringsposten og hindre at Ap vert endå litt verre. Det er i det heile problematisk at Solheim, som aldri ville hatt nubbesjans til å verte nominert i 2001, får stå opp att som minister og stake ut kursen i viktige spørsmål.

Starta før 2005

SV-arar har tidlegare vore misnøgde med kompromissa SV har gått med på i regjeringssamarbeidet med Ap og Sp. Den norske deltakinga i okkupasjonen av Afghanistan har vore tung å svelgje, det same har gasskraftutbygging og Statoils oljesandprosjekt.
Seint i januar trakk leiaren av Oslo SVs internasjonale gruppe seg i protest mot bombinga av Libya, saman med åtte andre partimedlemmer.
Eriksen var blant dei som støtta regjeringsdeltakinga i 2005, eit standpunkt han held fast på. Slik han ser det, starta «forfallet» i partiet lenge før:

- Eg såg det då eg melde Frank Rossavik si bok om SVs historie i Ny Tid. Der ser ein kor hardt leiinga dei siste 20 åra har jobba for å marginalisere kritiske røyster. Difor har eg ikkje noko tru på opprør nedanfrå i partiet. Slik det er no gjer regjeringa eit vedtak, så tek SV-toppane det ned til partiet og så vert det eit lojalitetsspørsmål om ein støttar politikken.

Etter å ha fjerna seg frå partiet sidan tidleg 1980-tal, og heller arbeidd aktivt i mellom anna Nei til EU, Attac og Utviklingsfondet, freista Eriksen involvere seg i SV etter brakvalet i 2005. Han vart skuffa.

- Eg fekk Internasjonalt utval til å spørje Solheim om han kunne starte ei utgreiing om radikale alternativ til den nyliberale utviklingspolitikken. Han sette inn folk som var greie, men som mangla erfaring og kompetanse. Til å leie det sette han den borgarlege KrF-politikaren Gunstein Instefjord. Etter det torde eg ikkje ta fleire slike initiativ. Vi bad om brød, men fekk kasta steinar på oss, seier Eriksen.
Ifølgje han er det lettare å gje slepp på ungdomskjærleiken til partiet, «når det ikkje har vore nokon intimitet i forholdet på 35 år».

- Dette er ikkje noko politisk sjølvmordsbrev. Politisk er eg ikkje arbeidslaus, seier Eriksen lurt.

Stemmer Raudt

Eriksen strekar under at han har stor respekt for andre radikale SV-arar som framleis vil stå i partiet.
Han legg heller ikkje skjul på at til kommunevalet vil han stemme Raudt, for å hjelpe sin gamle ven og SV-avhopparen Reza Rezaee i kampen om ordførarvervet.

- Kjem du til å melde deg inn i Raudt?
- Nei, er Eriksens knappe kommentar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar