EdwardHopper

EdwardHopper
Morning sun

onsdag 22. juni 2011

Tvang i psykisk helsevern

Lever 10 til 30 år kortare

MEDISIN:
- Det klart mest problematiske med tvang i psykisk helsevern er tvangsmedisineringa, seier forskar Ragnfrid Kogstad.
MANDAG 20. JUNI, 2011
Lever 10 til 30 år kortare
DIAGNOSAR: - Psykiatriske diagnosar er ikkje forskingsbaserte, til dømes har anerkjende forskarar plukka frå kvarandre schizofrenidiagnosen, seier forskar Ragnfrid Kogstad.

«Dei stappa i meg medisin heile natta. Neste morgon skulle eg møta - og vurderast av - psykologen. Korleis kunne eg i det heile tenkja klart da?» Slik fortel ein av dei mange pasientane forskar Ragnfrid Kogstad har fått inn forteljingar frå. Doktorgradsarbeidet hennar, «Fortellinger fra andre posisjoner», om korleis pasientar opplever det psykiske helsevernet, byggjer på nesten 1000 spørjeskjema og om lag 500 historier om positive og negative pasienterfaringar.

Noko av det som har komme fram i Kogstad sine undersøkingar er også referert i utgreiinga frå lovutvalet som la fram si innstilling om tvangsbruk i psykisk helsevern sist veke - «Økt selvbestemmelse og rettssikkerhet», NOU 2011:9.
- Det klart mest problematiske med tvang innafor psykisk helsevern er tvangsmedisineringa, seier Kogstad til Klassekampen. Ho har bakgrunn som sosiolog og er førsteamanuensis ved Høgskolen i Hedmark.

Lovutvalet som presenterte endringsframlegg til lov om psykisk helsevern, har foreslått noko meir rom for sjølvbestemming, men vil ikkje gjera det ulovleg å bruka tvang for å gjennomføra behandling av personar med psykiske lidingar.
Dette er Kogstad svært kritisk til.

- Eg kan ikkje skjønna at ein kan halda fram med noko så inngripande som tvangsmedisinering og tru at det gir behandling, det strir så imot det integritetsvernet som folk har, og det strir imot den kunnskapen vi har om kva som hjelper. Vi veit at så mykje handlar om angst, identitet og kjenslemessige problem, det er uforståeleg at medisinsering med tvang kan forsvarast som behandling når vi veit at det finst alternativ. Eg undrar meg over korleis usikker kunnskap om medisin blir brukt innafor psykiatrien, seier ho.

Kortare liv

Psykiater Astrid B. Birkenæs si doktoravhandling dokumenterte i 2008 at pasientar i psykisk helsevern lever 10 til 30 år kortare enn folk gjer elles, der vart det særleg lagt vekt på at desse pasientane er særleg utsette for hjarte- og karsjukdommar, og kvinner meir enn menn.

- Dette er også kartlagt internasjonalt, først registrert i ti delstatar i USA, og seinare stadfesta i land etter land, og tendensen er at levealderen for desse pasientane går ned, medan den aukar for andre. Dette kan berre forklarast med fysiologiske og psykiske biverknader av medikamentbruk, men den samanhengen blir ofte usynleggjort, seier Kogstad.

- Det er underleg kor lite vekt som blir lagt på at medikamenta som blir brukt overfor desse pasientane er bevisstheitsendrande stoff som blir tvinga inn i kroppen, og kor krenkjande dette er. Dei tar frå personen all makt og evne til å styra eige liv, seier forskaren.

Tvang og trugsmål

I Kogstad sitt forskingsmateriale kjem det fram ei rekkje negative erfaringar frå pasientar som har blitt utsette for tvangsmedisinering: Dei blir møtt med trugsmål om reaksjonar dersom dei ikkje tar medisinen, tidlegare negative medisinerfaringar, som til dømes kramper og oppkast, blir ikkje respekterte, dei blir utsette for «rutinemessig» tvangsmedisinering sjølv om dei ikkje har gjort motstand.

- Det er også ein del som har opplevt å bli fråtekne alle medisinar med ein gong, av legar som ikkje tar omsyn til abstinenssmerter. Det blir også feil, nedtrapping må skje gradvis, seier Kogstad.

Ho samlar dei negative erfaringane i tre kategoriar:
1. Møte med eit behandlingsregime bygd på medisinering og instrumentell forståing.
2. Avvising og mangel på forståing av pasienten sine opplevingar.
3. Overgrep i form av tvangsmedisinering.

Dei positive pasienterfaringane viser at vendepunkt har å gjera med møte med menneske, å få dekt grunnleggjande behov, få vera i ein samanheng som gir meining.

- Det kan i seg sjølv opplevast som ei krenking å få ein merkelapp som seier at ein har ei psykisk liding, og det å vinna tilbake verdigheit, få tru på at ein kan vera verd noko, er avgjerande. Lite handlar om medisin, fire-fem fortalde at dei fungerte betre fordi dei fekk betre medisin, seier forskaren.

Uklare diagnosar

- I kva monn kan ulike diagnosar hjelpa til at pasienten får rett medisin?
- Det er mykje diagnostisering og feildiagnostisering. Dei fleste pasientane får sju-åtte ulike diagnosar, men diagnosesystemet er ikkje forskingsbasert. Det kan likevel vera skjebnesvangert for pasientane, seier Kogstad.

Ho nemner diagnosen «schizofreni» som eksempel.

- Dei som får denne diagnosen er gjerne så vettskremde og prega av angst at eigne forsvarsmekanismer trer i kraft. Angsten kjem til uttrykk i stemmer som blir opplevde som dei kjem frå andre personar, og kan vera så sterk at ein koplar seg frå verkelegheita. Anerkjende forskarar har plukka frå kvarandre denne diagnosen. Den ser ut til å vera konstruert med håp om å finna treffsikre medisinar. Men det finst ikkje treffsikre medisinar for nokon psykiske lidingar. Ein prøver og feilar heile tida, og forskinga har etter kvart vist at berre 50 prosent responderer på psykofarmaka i det heile tatt. Det blir gitt millionar for å løysa «schizofrenigåta». Men dei genetiske markørane for psykose er enno ikkje funne, seier Kogstad.

- Vi veit at dei psykososiale vegane til betring finst, men det blir ikkje gitt statlege pengar til å prøva dei ut, legg ho til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar