EdwardHopper

EdwardHopper
Morning sun

mandag 20. februar 2012

Radio Moskva - nordmenn i Sovjet-propagandaens tjeneste

Ein radio i krysspress
I KRYSSPRESS: «Radio Moskva var med og vant 2. verdskrig, men hamna blant taperne under den kalde krigen,» skriv Morten Jentoft. Her leiar Eivind Svendsen ei direktesending i 1957.



Ein radio i krysspress


Av Guri Kulås, Klassekampen 20.02.12

Nordmenn i BBCs teneste under 2. verdskrig vart folkeheltar. Dei som kom heim frå Radio Moskva, vart overvaka.

- Kontrasten mellom mottakinga av dei som arbeidde i London og dei som arbeidde i Moskva, er slåande, seier NRK-journalist og forfattar Morten Jentoft til Klassekampen.
Han har skrive den nye boka «Radio Moskva - nordmenn i Sovjet-propagandaens tjeneste» (Gyldendal).
Hartvig Kiran og Toralv Øksnevad - «stemma frå London» - vart begge radiolegender og nøkkelpersonar i NRK på grunn av sin innsats for BBCs internasjonale sendingar under 2. verdskrig. Anna Dalland og Gilbert Furubotn, som var med og senda liknande norskspråkleg radio frå Moskva, er for dei fleste ukjende i dag. Årsaka er sjølvsagt den kalde krigen, som splitta gamle allierte i aust og vest, og gjorde norske kommunistar til fiendar.
«Ny» kaldkrigshistorie
- Ignoreringa av Radio Moskva er typisk for det kaldkrigsperspektivet som - inntil nyleg - har prega det meste av norsk historieskriving, seier Jentoft.
Han har difor måtte driva mediehistorisk nybrotsarbeid. Han har funne kjelder i russiske statsarkiv, norske overvakingsmapper og gjort intervju med dei attlevande journalistane og deira slektningar.
Under verdskrigen gav Radio Moskva viktig informasjon om krigsutviklinga til motstandsfolk og illegal presse. Men kommunistar som oppheldt seg i Moskva, utafor kontroll av norske styresmakter, vart mistenkjeleggjorde. Etter krigen heldt radioen fram som propagandaorgan for Sovjet, men formidla også kvalitetskultur og underhalding til vanlege lyttarar, som ikkje hadde så mykje å lytta på. Frå 1951 lytta norske styresmakter systematisk til sendingane, både for å registrera politiske skifte i Sovjet og for å kartleggja norske medarbeidarar.
- Perspektivet i boka er journalistane sitt, sa Jentoft då boka vart presentert.
Med unntak for tidlegare NKP-leiar Martin Gunnar Knutsen, har svært få fortalt om opplevingane sine i Radio Moskva. Fleire kom desillusjonerte heim. Jamvel om dei levde relativt privilegert i Moskva, såg dei stor skilnad mellom sovjetisk realitet og framstegsmeldingane frå Sentralkomiteen, som dei var pålagde å omsetja og vidareformidla. I dei tilspissa førkrigsåra, var det tøft å måtte forsvara Moskvaprosessane, medan kjenningar og medarbeidarar forsvann. Blant dei som arbeidde i Radio Moskva på 1950- og 60-talet, var det frustrasjon og skam over å kringkasta villeiande propaganda, samstundes som norske lyttarar ville ha levande reportasjar, sportsreferat og romfartsnyhende.
Lagnadstungt
Dei norske radiomedarbeidarane var idealistiske menneske, som, ifølgje Jentoft, ikkje alltid kunne ana rekkjevidda av den skiftande storpolitiske kampen dei vart ståande midt i - både internt i den internasjonale kommunistiske rørsla og mellom Sovjet og Vesten. Bakgrunnen og motiva til nordmennene i Radio Moskva var ulik. Etter krigen var det medviten sovjetisk rekruttering frå NKP-miljø i Noreg, men i starten tilsette dei nordmenn som av ymse årsaker var i Moskva.
- Ingen av nordmennene som var reporterar, opplesarar og omsetjarar i Radio Moskva frå 1941 til eit godt stykke ut på 1960-talet levde A4-liv, seier Jentoft.
Mange kunne fylt ei bok aleine. Slik som den første av dei, bergenskommunisten Anna Dalland (fødd Paulson), som hadde følgt mannen Randulf til «kaderutdanning» ved Lenin-skolen. Randulf vart snart «kommandert som friviljug» til borgarkrigen i Spania, der han kom til å sitja fengsla i årevis under Franco. Formelt var det ulovleg for nordmenn å melda seg til dei internasjonale Spania-brigadane, så Anna vart saman med dottera Eva i Moskva heilt til verdskrigen var over.
Lagnaden til den første norske radioredaktøren, Gilbert Furubotn, var rein tragedie. Sonen til Peder Furubotn - NKP-leiaren som kom på kant med Stalin - overlevde så vidt Moskvaprosessane, der det mellom anna vart brukt mot han at han hadde motteke babyklede frå ein norsk «trotskist». Gilbert returnerte til Noreg i 1946 som alkoholikar, medan den russiske kona og dei to små dotrene måtte bli att i Moskva. Likevel var han - som dei andre - lojal mot oppdraget ved radioen.
Laga «Store Studio»
Mange av NKP-arane som kom til Moskva etter krigen, har sett tilbake på opphaldet som eit høgdepunkt i livet. Det trass i at yrkesforbodet mange opplevde heime, slik saka til dømes var for den profilerte programleiaren Eivind Svendsen, ikkje akkurat letna då dei kom heim.
- Det var eit spanande internasjonalt miljø, med interessante menneske både blant russarane og i dei andre internasjonale redaksjonane, seier Jentoft.
For mange vog det menneskelege opp for sannkjenninga av at lite i Sovjet var så roseraudt som dei hadde trudd heime i Noreg. Fleire forelska seg og etablerte familiar i Moskva.
Journalistisk var Radio Moskva i all hovudsak ein propagandakanal, med ei meir kreativ oppbløming under Khrusjtsjev-perioden frå 1956. Det førte mellom anna til direktesendingar à la dei Rolf Kirkvaag dreiv frå Store Studio i NRK, og eit satirisk høyrespel om skandalen kring det amerikanske spionflyet U2.
- Då eg byrja arbeidet med boka, tenkte eg at dette var «sært» stoff, men etter kvart har eg vorte kontakta av svært mange eldre nordmenn som lytta til Radio Moskva, og som har delt sine minne.
Folk var oppteken av politikk, men litteratur- og musikkinnslaga, med utøvarar i verdsklasse, var mellom det som var mest populært i starten. Seinare vart det sport og Sputnik. Mange held også fram å lytta utover 1950- og 60-talet fordi dei ville vita kva russarane meinte, og lyttarresponsen i form av svar på konkurransar og tilbakemeldingar var stor. Men då fjernsynet kom, var det jamt over slutt.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar