Kjærleiken gjer våre lemer tunge
som om vi nettopp steig opp av havet.
som om vi nettopp steig opp av havet.
Kjærleiken gjer våre lemer lette
så vi kjenner oss i slekt med fuglane.
så vi kjenner oss i slekt med fuglane.
Kjærleiken kastar oss frå seg utbrukte
slik at vi anar kva døden er.
slik at vi anar kva døden er.
Kjærleiken lærer oss å tru
at vi ser det inste lys i livet.
at vi ser det inste lys i livet.
Drepande og livgjevande er kjærleiken:
Eitt med den høge sol!
Eitt med den høge sol!
Marie Takvam (1926-2008)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar